
Tenåringar i retten etter fyrverkeriskade: Frykta å bli blind
6 måneder siden siste oppdatering
3 min lesetid
6 måneder siden siste oppdatering
3 min lesetid
To tenåringar er tiltalt i Møre og Romsdal tingrett etter at Sindre Fiske vart skadd av fyrverkeri på nyttårsaftan. Fiske fekk fyrverkeri i ansiktet og har fått redusert syn. Han fortalde i retten korleis hendinga pregar kvardagen hans og at han frykta han var blind der han låg i ambulansen.
Ein 18-åring er tiltalt for å ha fyrt av fyrverkeriet, medan ein 19-åring er tiltalt for å ha gitt fyrverkeriet og oppmoda til å fyre det av. Begge nektar straffskyld. Forsvararane meiner det er vanskeleg å bevise at det var deira fyrverkeri som forårsaka skaden, medan aktor har bede om fengselsstraff og samfunnsstraff for dei tiltalte.
Bistandsadvokaten krev også 120. 000 kroner i oppreisingserstatning.
Ingen kommentarer ennå. Vær den første til å kommentere!