
Mann i 20-åra sikta for drapsforsøk etter valdshending på Bømlo
5 måneder siden siste oppdatering
1 min lesetid
5 måneder siden siste oppdatering
1 min lesetid
I natt rykka politiet ut til ei adresse i Bømlo kommune etter melding om ei valdshending. To menn i 20-åra var involvert i hendinga.
Ein av mennene vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse, medan den andre vart arrestert og sikta for drapsforsøk. Politiet har sett i gang krimtekniske undersøkingar på åstaden.
Det skal ikkje ha vore andre personar til stades på adressa under hendinga. Politiet har ikkje ytra seg om detaljar i saka eller tilstanden til den skadde mannen.
Ingen kommentarer ennå. Vær den første til å kommentere!